Målsetjinga i 2017 var å etablera eit godt lokale for buldring i sentrum av Odda, med tilbud for alle. Klatreklubben i Odda, Hardanger fjellklyvarlag, har begrensa treningstider/tilgang til veggen i Tyssohallen. Klatremiljøet i Hardanger er ikkje stort, men kan vere i vekst. Men treningsfasilitetar er ei forutsetting. 3DClimb AS betaler kostnader til husleie og strøm av lokalet, men målet er at tilbodet står på eigne bein med nonprofit-profil. Lokalet ligg i det gamle papirlageret på Cyanamiden (mot Opo). Klubben har kjøpt materiale til bygging av buldreveggane og har bygd på dugnad med Stian Viken i spissen. Det har vert kostnader til fallunderlag, strømtilførsel, varmepumpe, musikkanlegg, klatregrep, vindu, andre treningsapparater, dører, lås ..

Klatring er ein idrett i vekst, og er ein av fem nye idrettar til Tokyo-OL i 2020.
I byene og på dei stadane som satse på studentar er rekruttere klatring mange. Vi ser at studentar (oddingar) som kjem heim på ferie til Odda er ivrige, det er også arbeidskraft som kjem sommarstid (guidar, helsepersonell, unge industriarbeidarar).
Klatring og buldring er utgangspunkt for reiser i Norge og utlandet, for å nyta vill natur (Bjørndalstraversen! Romsdalshorn! osb), for å halde seg i form og setje seg mål og for å finna venner. Klatring er ein god livsstil.

Buldring har høgast popularitet i byene, der ein finn gigantiske buldreklubber på flere tusen kvm. Det er for mange en enklere inngangsport til klatring enn tauklatring. Buldring er den mest sosiale formen for klatring. I USA og byene i Europa er klatring og buldring blitt ein heilt vanleg og populær fritidsaktivitet. Buldring krever problemløysing med kroppen som verktøy, men også styrke i armar og kjernemuskulatur, høg grad av koordinasjon, dynamikk og balanse. Ein ser gjerne på andre og prøver eit bulder sammen.

For barn er klatring ein naturleg aktivitet. Det handle om leik og den aller enklaste vegen til oppleving av mestring.
Klatring kan ein drive med så lenge ein held seg lett i kroppen. Ein av Norge sine store tenkarar, Arne Næss, var den beste klatraren av si tid.